Mot krigen: Spørsmål og svar

 

Michael Albert og Stephen R. Shalom

12. februar 2003

 

1. Kva må organisasjonane for fred og rettferd prioritere aller høgast no når engasjementet mot krig veks og antikrigsrørsla får vind i segla?

 

Å byggje ei rørsle som greier å samkjøre mange nok og godt nok informerte og engasjerte folk til å presse dei styrande elitane rundt om i verda, og til slutt i USA, til å moderere eller jamvel stoppe krigsplanane sine av redsle for tilbakeslag dersom dei ikkje gjer det.

 

Å sikre at denne breie, internasjonale antikrigsrørsla varer ved etter Irak-krisa, og at ho veks seg sterk nok til at seinare krigar og internasjonal valdsbruk andre stader blir mindre sannsynlege.

 

Å sikre at styrken og dei menneskelege verdiane i denne rørsla blir så store som råd, ved å knyte ho til breiare saker: likestilling i kjønn og rase, rettferd i økonomi, økologi og i sosiale, politiske, nasjonale og internasjonale saker.

 

 

2. Frå progressive organisasjonar høyrer vi somme tider kravet: «La inspeksjonane verke». Er dette eit fornuftig krav? Bør venstresida støtte inspeksjonar?

 

Kravet «La inspeksjonane verke» har tre sider: ei som venstresida bør gå god for, ei som er fornuftig, men utilstrekkeleg, og ei som er umoralsk og nokså farleg.

For å ta den siste først: Den umoralske og farlege versjonen er denne tolkinga: Det er ikkje samla nok bevis enno til å overtyde tvilarane om at krig er det rette, så la oss gje inspektørane litt meir tid og så gå til krig. Denne haldninga er ikkje særleg ulik Bush si, sidan han i alle fall treng nokre veker til for å få alle troppane sine på plass.

 

Det som gjer denne haldninga så umoralsk og farleg, er at ho, trass i fakta, legg til grunn at det finst ein alvorleg trussel som berre kan møtast med krig, og ho overser dei forferdelege kostnadene med krigen.

 

Kanskje Irak har gøymde kjemiske eller biologiske våpen, men det har mange land. Det er så godt som utenkjeleg at Irak er i stand til å bruke slike våpen mot naboane sine, og langt mindre mot USA, så veikt som Irak er no, og med dei massive militære styrkane langs grensene deira (jamvel før den siste styrkeoppbygginga). Jau, slike våpen kan bli nytta dersom USA angrip, men det er noko heilt anna enn ein realistisk trussel om irakisk offensiv bruk.

 

Ein krig for å avvæpne Irak, no eller om nokre veker, risikerer å få fryktelege følgjer som på ingen måte kan rettferdiggjerast med at ein må fjerne den vesle trusselen som Saddam Hussein utgjer mot omverda. Rett nok kan ingen vite kva som kjem til å hende i ein krig, men farane er enorme:

 

Død og øydelegging i Irak. FN bur seg på ein halv million irakiske døde og såra (sjå det interne FN-dokumentet som har leke ut på http://www.casi.org.uk/info/undocs/war021210scanned.pdf). Medact, den britiske avdelinga av Den internasjonale legeforeininga mot atomkrig, som fekk Nobels fredspris i 1985, reknar med at det kan bli ein halv million døde. (Det siste er dersom atomvåpen ikkje kjem i bruk. Sjå "Collateral Damage: the health and environmental costs of war on Iraq - Report," http://www.medact.org/tbx/docs/Medact%20Iraq%20report_final3.pdf.) Og trass i påstandar om at angriparane vil passe på å unngå «utilsikta skade», har det britiske forsvarsdepartementet «vedgått at straumforsyninga som skaffar det irakiske folket vatn og helsestell, kan bli eit militært mål, trass i åtvaringar om at øydeleggingar der fører til ein humanitær tragedie.» (Avisa Independent for 2. februar 2003.)

 

Ustabilitet i den arabiske og muslimske verda. Sjølvsagt er det ikkje alltid gale med ustabilitet, men det er vanskeleg å sjå korleis dei massive protestane i regionen, og undertrykkinga som kjem til å følgje, kan gje betre håp om gode samfunn. Fundamentalistar har alt vunne provinsval i Pakistan som følgje av at USA krigar i Afghanistan. Venteleg kjem dei til å bli endå sterkare både i det landet og lenger unna.

 

Dei skjøre folkerettsinstitusjonane blir veikare, og makt er rett-politikken til Bush-regjeringa styrkjer seg. Anten Tryggingsrådet i FN til slutt bøyer seg eller ikkje for mutar og truslar frå Washington, er det klårt at dette er ein krig som USA er omtrent åleine om å ønskje. Å angripe Irak vil gje presedens for at preventiv krig er ein akseptabel doktrine i internasjonalt hopehav. Det vil slå tilbake fleire tiår då det sakte, men sikkert, har vore bygd opp små hindringar for utanlandsk aggresjon. Bill Keller i New York Times (9. februar 2003) seier at han støttar denne krigen, men ikkje alle dei andre krigane som Bush truleg vil få i gang. Men ingen ting gjer dei neste krigane meir sannsynlege enn å gje Bush frie hender i denne.

 

Spreiing av masseøydeleggingsvåpen blir oppmuntra. Alle statar som ser USA i aksjon, vil nok komme til at dei ikkje kan sikre seg mot USA-angrep på konvensjonell måte. Berre med å skaffe seg masseøydeleggingsvåpen kan dei ha noko håp om å avskrekke Washington frå å prøve på eit regimeskifte ved neste høve.

 

Den fornuftige, men utilstrekkelege versjonen av slagordet «la inspeksjonane verke» er tenkt som eit argument mot krig. Han seier at inspeksjonane kan nå målet, å gjere Irak ute av stand til å utgjere ein trussel mot nokon utanfor grensene sine, og at krig derfor slett ikkje trengst. I si tid øydela ein enklare versjon av slike inspeksjonar langt fleire masseøydeleggingsvåpen enn all bombinga som USA og koalisjonen gjorde i den første Golf-krigen pluss den amerikansk-britiske bombinga som følgde i 1998.

 

Kjernen i dette er sjølvsagt at inspeksjonar og krig ikkje er dei einaste måtane å behandle problemet med masseøydeleggingsvåpen på. I praksis ser dei likevel ut til å vere dei einaste åtgjerdene på kort sikt. Det vil seie at akkurat no er inspeksjonar det einaste realistiske alternativet til krig. Somme sider ved FN sin politikk mot Irak må venstresida fordømme klårt – for eksempel sanksjonane, som gjer katastrofal skade på irakiske sivile, medan dei heller styrkjer enn svekkjer Saddam Hussein. (Derfor, når vi krev at det ikkje blir krig, vil vi ofte krevje slutt på sanksjonane i same slengen.) Men å krevje slutt på inspeksjonane – når det er den einaste realistiske sjansen til å unngå krig – ville vere toskete.

 

Somme argumenterer med at inspeksjonane av natur vil føre til krig, og at dette alltid har vore meininga med dei. Rett nok kan det vere baktanken i Washington, men det er ingen grunn til å tru at andre FN-medlemmer som har støtta inspeksjonane, slik som Frankrike, Tyskland, Kina, Russland, Mexico og Syria, har tenkt seg at inspeksjonane uunngåeleg vil føre til krig.

 

Når dette er sagt, må vi likevel vedgå at det finst alvorlege problem med inspeksjonane. Inspektørane er altfor ettergjevande mot Washington. Kravet om at Irak skal tillate U-2-overflygingar samstundes som amerikanske og britiske fly patruljerer irakiske luftrom (utan nokon Tryggingsråds-resolusjon bak seg), er urimeleg, sjølv om det no er innfridd. Det viktigaste er likevel det underforståtte med inspeksjonane: at det berre finst eitt land i verda som må inspiserast. Å seie «La inspeksjonane verke» utan presisering er derfor ikkje noko høveleg slagord.

 

Den ønskjelege versjonen av «La inspeksjonane verke» er ikkje berre at inspeksjonane skal gjere all krig mot Irak heilt overflødig, men at inspeksjonar av Irak bør reknast som del av ein større framstøyt for å forby masseøydeleggingsvåpen i heile Midt-Austen (slik kravet er i artikkel 14 i resolusjon 687 frå Tryggingsrådet, den resolusjonen som opphavleg la grunnen for avrustinga av Irak etter den første Golf-krigen), og faktisk over heile verda. Kort sagt: Dette bør vere likt for alle.

 

3. Kva bør venstresida svare på spørsmåla om terrorisme og masseøydeleggingsvåpen?

 

Venstresida har eit todelt svar på terrorisme. For det første bør USA-venstre krevje at regjeringa der sluttar å drive med og støtte terrorisme. Terrorisme er sjølvsagt ikkje berre at muslimske fundamentalistar krasjar fly inn i World Trade Center. Det er også terrorisme å bombe Afghanistan når ein veit at respekterte hjelpeorganisasjonar åtvara mot ein potensiell humanitær katastrofe. Det er statsstøtte for terrorisme å skaffe våpen til det blodige felttoget som Tyrkia dreiv mot kurdarane i 1990-åra, til dei militære i Colombia, som har kjende kontaktar med paramilitære dødsskvadronar, eller til dei israelske okkupasjonsstyrkane som bruker amerikanske angrepshelikopter og mykje anna mot det palestinske sivilfolket. Det største steget regjeringa i USA kan ta for å redusere internasjonal terrorisme, er altså å slutte å støtte han.

 

Når det gjeld antivestleg terrorisme, så finst det nokre fruktbare måtar å redusere den på, og andre måtar som verkar motsett.  Den viktigaste av dei fruktbare måtane er å endre på amerikansk utanrikspolitikk. Leiarane for al-Qaida og andre slike har kanskje ikkje noko anna mål enn å provosere fram ein apokalyptisk konfrontasjon mellom den muslimske verda og Vesten, i håp om at dei sjølve skal komme ut med sigeren. Men det som motiverer mange av tilhengjarane, rekruttane og sympatisørane deira, er ein amerikansk politikk som kan endrast, og som dessutan bør endrast av andre grunnar. Av dei viktigaste sakene er den urikkelege amerikanske støtta til israelsk undertrykking av palestinarane, dei øydeleggjande sanksjonane mot Irak og støtta til korrupte og autoritære regime i den arabiske og muslimske verda.

 

Andre sekundære, men meir kortsiktige måtar å handtere den antivestlege terrorismen på, er polititiltak, medrekna å ta finansielle nettverk, pengevask-bankar og slikt. Den amerikanske regjeringsversjonen av politiaksjon, derimot – med å gjere landet meir og meir til ein politistat gjennom Patriotlova (og ei endå meir avskyeleg Lov om forbetring av innanlandsk tryggleik frå 2003, som tydelegvis alt er under arbeid i Justisdepartementet [teksten finst på http://www.publicintegrity.org/dtaweb/report.asp?ReportID=502&L1=10&L2=1 0&L3=0&L4=0&L5=0

]) – gjer sannsynlegvis meir skade enn gagn sjølv om ein berre ser på terrorisme-aspektet, fordi han fremmendgjer nettopp dei folka som det er viktig å halde lojale, for ikkje å nemne kva han gjer med samfunnet vårt i det store og heile.

 

Mest kontraproduktivt av alt er ein militæraksjon med massiv bombing, som ikkje berre tek mange liv, men også skaper mange fleire terroristar. New York Times melde 16. juni 2002, basert på samtalar med høgare regjeringsfunksjonærar, at «hemmelege undersøkingar som FBI og CIA no gjer av al-Qaida-trusselen, har konkludert med at krigen i Afghanistan ikkje minska trusselen mot USA. [...] I staden kan krigen ha gjort tiltaka mot terrorismen vanskelegare med å spreie potensielle angriparar over eit større geografisk område.»

 

Når det så gjeld handtering av masseøydeleggingsvåpen, må ein først merke seg at kjemiske, biologiske og kjernefysiske stridshovud ikkje er dei einaste av det slaget. Langt fleire menneske har døydd – og døyr framleis – av sjukdommar som kan knytast til dei amerikansk-britiske sanksjonane enn av «alle såkalla masseøydeleggingsvåpen fram gjennom tidene.» (Karl og John Mueller i Foreign Affairs, mai/juni 1999).

 

Om vi no avgrensar oss til masseøydeleggingsvåpen i vanleg forstand, så vil det at ein stat skaffar seg slike våpen, heller oppmuntre enn avskrekke andre frå å gjere det same. Den beste måten å handtere irakiske masseøydeleggingsvåpen på – både ut frå rettferd og effektivitet – er å få til ei global eller i det minste ei regional nedrusting.

 

Eit av dei største hindra for all slik nedrusting har vore USA. Amerikanske tenestemenn snakkar i dag opent om å bruke atomvåpen, og vitskapsfolka deira arbeider døgnet rundt med å finne ut korleis desse våpna kan bli meir brukande. USA er med på Ikkje-spreiingsavtalen for atomvåpen (NPT), som set eit skilje mellom «har»- og «har ikkje»-land, med USA i den privilegerte «har»-kategorien. Washington har nekta å oppfylle den traktatfesta plikta si til å arbeide for nedrusting. Dei har nekta å ratifisere den altomfattande Prøvestansavtalen. «Har ikkje»-landa reknar den som ein minimal lakmustest til å indikere om eit land vil oppfylle Ikkje-spreiingsavtalen.

 

USA er også med i Konvensjonen om forbod mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen (CWC). Ein rapport for Sentret for ikkje-spreiingsstudium ved Monterey Institute of International Studies seier:

 

«Etter å ha skrive under avtalen i 1993 ignorerte Washington han i det store og heile. Det var nær ved å bli pinleg for landet då dei ratifiserte avtalen i siste liten, berre fire dagar før han tok til å gjelde. Vidare tok USA steg for å vatne ut Konvensjonen med å ta med atterhald i ratifikasjonsvedtaket, og med å gjere lovvedtak der amerikanske lokalitetar vart unnatekne frå dei verifikasjonsreglane som amerikanske forhandlarar tidlegare hadde kravd å få inn i traktaten.»

 

Blant desse unntaka var at presidenten i USA skulle ha rett til å nekte inspeksjon av amerikanske innretningar, grunngjeve med nasjonal tryggleik. (Sjå Amy E. Smithson: "U.S. Implementation of the CWC" i Jonathan B. Tucker: The Chemical Weapons Convention: Implementation Challenges and Solutions, Monterey Institute, april 2001, side 23-29, http://cns.miis.edu/pubs/reports/tuckcwc.htm).

USA er også med i Konvensjonen med forbod mot utvikling, framstilling og lagring av biologiske våpen og toksinvåpen (BWC), men tiltak for å få til betre gjennomføring av avtalen stranda etter at Washington stengde for vidare diskusjonar. (Sjå Jonathan Tucker sin analyse frå februar 2002, http://www.nti.org/e_research/e3_7b.html).

____________________
Fra Znet – Michael Albert & Stephen Shalom: Antiwar Questions and Answers

http://www.zmag.org/content/showarticle.cfm?SectionID=41&ItemID=3032

Oversatt av Lars Staurset