Putin-gåten

Boris Kagarlitsky

MOSKVA - Det ser ut som eitslag naturlov: Dersom næringslivspressa og leiarane i finansverda omtalar eitt eller anna land som ein suksess, er nettopp dette landet staden der du kan vente at ting vil gå særs gale. For ikkje lenge sidan var avisene fulle av ekstatiske meldingar om det argentinske økonomiske miraklet. Vi vart oppmoda om å studere og kopiere den "argentinske modellen". No er Argentina på grensa av bankerott, arbeidsløyse er blitt ein nasjonal katastrofe, og folkesetnaden trur ikkje lenger på nokon. I parlamentsvalet for kort tid sidan var det veljarar som strauk alle politikarane og skreiv inn Osama bin Laden. I to valkretsar fekk han fleirtal av røystene, andre stader kom han på ein god andre- eller tredjeplass.

Den tsjekkiske republikken vart òg helsa som eit døme på vellukka reformer, til det oppstod problem der. Av ein eller annan grunn miste ekspertane då straks tiltru til landet. Men den mest populære soga dei siste åra har dreid seg om "den nye økonomien" i USA. Denne soga tok slutt med fallet på Nasdaq-børsen; etter det gjekk Amerika frå å vera "motoren i verdas utvikling" over til å bli ei kjelde til problem for resten av verda.

"Det russiske miraklet"

Utviklinga i Russland stadfester den allmenne regelen: Krakket i 1998 kom straks etter oppglødde vurderingar frå vestlege ekspertar som spådde ein økonomisk oppgang utan sidestykke. Etter 1998 vart Russland av dei same ekspertane avskriven som eit vonlaust tilfelle der reformene var slegne feil og der korrupsjon og ineffektivitet herska. Sjølvsagt tok den russiske økonomien straks til å gå oppetter att. Det tok vestlege analytikarar om lag to år å oppdage dette. Endeleg, i det tredje året av jamn vokster, vart Russland på ny sett på som eit lovande land av vestlege næringslivsleiarar, som nok ein gong hevda at reformen trass alt var i ferd med å lukkast.

Diverre synte heller ikkje dette seg å vera eit unntak frå regelen. Ikkje før hadde Russland fått høg rangering i handelssamfunnet i verda, før oljeprisane tok til å dale, og regjeringa vedgjekk at ho tvilte på om det budsjettet ho nettopp hadde lagt let seg gjennomføre. Ei ny økonomisk krise var overhengande sannsynleg.

Problemet med dei fleste økonomiske analytikarar er at dei som regel ikkje analyserer noko som helst. Dersom alt går vel, er det ikkje noko poeng i å utforske dei konkrete årsakene til suksessen. Alt kan førast attende til konsistent iverksetjing av nyliberal politikk. Dukkar det opp problem, er det berre av di politikken ikkje er iverksett konsistent, eller radikalt nok. Ingen ser ut til å bry seg med den kjensgjerninga at akkurat dei same regjeringane, anten vi snakkar om Den tsjekkiske republikken, Argentina eller Russland, fyrst er blitt omtala som utøvarar av konsistent og effektiv liberalisme, og straks etter som døme på ineffektivt byråkrati.

I åra frå 1999 til 2001 har det ikkje vore nokon radikale strukturelle endringar i den russiske økonomien. Dei største endringane har omfatta eit fall i kursen på rublar, tett følgd av ei auke i oljeprisen. Det totale fråveret av initiativ til reform frå regjeringa si side har utan tvil gjeve bidrag til at stoda for ei stutt tid verkeleg vart stabil og forutseieleg, noko som gjorde den nemnde oppgangen mogleg. Med ein gong straumen av oljedollar turka ut, melde dei strukturelle problema i den russiske økonomien seg på ny med full styrke, og - som om ikkje det var nok - det er no blitt klart kor lite samanheng det er mellom desse problema og det standardsettet av liberale oppskrifter som regjeringa har til rådvelde. Enno ein gong står vi andsynes eit massivt skeivt tilhøve mellom ressurs-sektorane som skaffar verkelege inntekter og dei halvt utsvelta produksjonsindustriane som størsteparten av folkesetnaden lever av. Utstyret slitast ut, investeringar i privat sektor står ikkje i samsvar med det som skal til, og staten sjølv har forlate økonomien og overlate hovedkjeldene for verkelege inntekter til oligarkane. Samstundes er folkesetnaden for fattig til at etterspurnaden deira kan setja fart i nokon produksjon.

Dette er ikkje fyrste gongen regjeringa er blitt nøydde til å rette opp budsjettet sitt. Men den økonomiske oppgangen dei siste åra har berre vore mogleg av di ressursmonopola har hatt eit overskot av midlar, og av di dette overskotet spontant er blitt omfordelt til føremon for andre sektorar. Folk har byrja få løna si utbetalt, og sjøl om denne er låg, er ho i det minste blitt betalt jamnleg. Og såleis er alt i økonomien, frå matvareproduksjon til bokutgjevingar byrja auke i omfang. I løpet av tre år vart så mange gode bøker utgjevne i Russland at det kan sjå ut som om forlaga ikkje berre har teke att dei vestlege konkurrentane sine, men òg har gjort opp for tidlegare års manglande utgjevingar. Filmen er òg byrja vakne til liv.

Pengeoverskota er no slutt. Det finst snautt nok tilstrekkeleg for oljeprodusentane, og dei andre sektorane - som nettopp var i ferd med å oppdage korleis det kjennest å fungere normalt - er på veg attende i den gamle halvvegs komaliknande tilstanden. Seks til åtte månader forseinka følgjer gassprisane etter oljeprisane nedetter. Om ikkje denne trenden snur, vil vi vera stilt andsynes ei fullkomen krise til våren. I beste fall held vi det gåande til neste august…

Den russiske bobla

Den amerikanske økonomiske oppgangen seint på 1990-talet vart følgd av ein kunstig oppgang i aksjeprisane, det vart skapt ei gigantisk såpeboble i Wall Street. Til alt hell sprakk ikkje denne bobla med det same, men krympa over tid. Skjult inflasjon, som var pumpa opp av aksjespekulantane men halden attende av det føderale finansreservesystemet, fann ein utveg i høge oljeprisar, blant fleire ting. Kort sagt, det som var dødeleg for amerikanarane var godt for russarane.

Den russiske oppgangen var ein av biverknadene av den amerikanske korrigeringa. Di meir den amerikanske bobla krympa, di meir voks den russiske. Men dette gjekk føre seg i tråd med våre nasjonale tradisjonar. Den russiske bobla har ikkje vore økonomisk, men politisk. Vi kunne framstille henne som "sterk presidentmakt", eller som "stabilisering av staten", eller som "ei auke i administrativ effektivitet". Eller kan hende likefram som Vladimir Putin sitt omdøme. Til sjuande og sist er alt dette ein og same ting.

I Russland er den digre såpebobla blitt teken for å vera ein ballong. Frå avstand ser dei to svært like ut, men det er ein skilnad: Dersom du prøver å stige til himmels på ei såpeboble, er det ikkje til å unngå at resultatet blir katastrofalt. Dei nasjonale særdraga våre må reknast med. Bobla vår har synt seg overraskande varig og livskraftig, men det finst ei grense for alt.

Kreml sitt politiske monopol har kvilt på høge oljeinntekter, og vil forsvinne over i historia saman med dei. Bobla sprekk, og marknadskorrigeringa vil måtte ta form av ei maktkrise. Den massive røysteoppslutnaden om opposisjonen sine kandidatar i dei folkerikaste regionane kom til syne til og med før dei fyrste teikna på økonomisk attergang hadde meldt seg. Når vinteren set inn kjem alle dei velkjende sosiale problema, som ingen er i ferd med å løyse, til syne att. Vona om at alt vil løyse seg av seg sjølv forsvinn saman med straumen av oljedollar.

Putin var heldig. Dei politiske kveitebrødsdagane hans varde ikkje hundre dagar, som for andre presidentar, men halvanna år. All denne tida kunne han sleppe unna med ikkje å utrette noko vesentleg, men i staden engasjere seg i palass-intriger og personal-kabalar, audmjuke dei som vakla, straffe personlege fiendar og oppmuntre gamle vener. Samstundes gjekk alt vidare som vanleg, både i Russland og stort sett elles i verda. Det gjekk ikkje dårleg heller, så lenge den økonomiske oppgangen heldt fram med same kraft. Ein kunne seia at Putin-administrasjonen surfa på denne bølgja, i det dei drog føremon av den tidlegare innsatsen frå Primakov-regjeringa og av OPEC sin politikk. Den fyrstnemnde fekk russisk industri på beina att, medan den andre fekk oljeprisane i veret, slik at "overskotet" av dollar ikkje berre gjekk til OPEC-landa men òg til Russland. Putin-regimet bidrog med temmeleg nøyaktig ingenting til stoda, men hadde gleda av å nyte resultata av andre sitt arbeid.

Om ikkje desse to faktorane var inntrådd samstundes (og dessutan atterslaget i 1998, som senka rubelverdien og gjorde produkta våre konkurransedugande), ville alt snakk om eit "russisk mirakel" vore absurd. Rekneskapen vart gjort opp med Primakov, som vart gjort til ein politisk outsider med sete i dumaen, og då oljeprisane tok til å falle og OPEC-landa appellerte til dei russiske styresmaktene om å syne elementær solidaritet, vart dei byrgt avviste. I staden for å ta fatt på sine eigne problem innan- og utanlands, valde Moskva å innynde seg med Washington. "Storebroren" på andre sida av havet krev prov på lojalitet, og Kreml har ein agefull tiltru til USA si makt.

Venskapen mellom Vladimir Putin og George Bush utviklast mot ein bakgrunn prega av krig i Sentral-Asia, ei økonomisk verdskrise som skyt fart, og stendig vanskelegare tilhøve mellom Russland og andre oljeprodusentar. Russland framstår på alle vis som ein bastion for "Vesten", tek avstand frå "islamsk terrorisme", stør prinsippa for "liberal økonomi", og avslår samarbeid med oljeproduserande land i Den tredje verda. Politikarane i vest har på si side innstilt seg på ikkje berre å gløyme den russiske presidenten sin tidlegare karriere i dei statlege tryggingsorgana, men òg brota på menneskerettane i Tsjetsjenia. Dette gjeld særleg no i epoken for "krig mot terrorisme", då menneskerettane i Vesten òg blir skuva i bakgrunnen, endåtil som politisk slagord.

Men om Putin har oppnådd gode karakterar i Vesten, ligg det all slag elende og ventar på han heime. Den nye presidenten fekk sterkast stønad frå menneske som vona at denne veteranen frå tryggingsstyrkane ville gje Russland attende sjølvstendet, styrke militærmakta og gje landet høve til å distansere seg frå Vesten. På same tid leit dei på at han ville setja oligarkane på plass. Desse menneska som trudde på Putin-myten har no ei sterk kjensle av å vera forrådde. Men å klage Putin på denne måten er urettvist, for han har ikkje forrådd nokon. Han lova ikkje noko som helst. Han la aldri fram noko program, og skisserte aldri nokre politiske standpunkt. Det vart berre gjeve vage hint om at standpunkt ville kunne bli fastlagde når tida kom. Menneske som knytta vonene sine om "nasjonal" eller statleg atterreising til Putin lurte seg sjølve med ønskjetenking. Dei ønskte å tru på at leiinga var stø på å gjennomføre ei nasjonal berging, på æra og storleiken til tryggingsstyrkane, og på at byråkratiet var usjølvisk. Difor leita dei etter gøymd meining i tomme ord og inkjeseiande slagord, og rekna med at det vage og omtrentlege i presidenten sine utsegner måtte tilskrivast varsemd hjå ein mann som var van med konspirasjon i jobben han hadde før. Tanken at orda var like tome i røynda som på overflata vart for vanskeleg for menneske som var vande med å idolisere autoritet rett og slett av di han var autoritet.

På eitt område er sjølvsagt "patriotane" si von blitt oppfylt. Under Putin er det militære undertrykkingsapparatet faktisk blitt styrkt i nokon grad - eller meir presist, leiarane i dette apparatet har fått ei sterkare stilling i den russiske politiske eliten. Men her òg er den patriotiske opinionen si von blitt gjort til inkje, sidan desse militære undertrykkande strukturane jobbar tett saman med USA, og vernar om oligarkane sine posisjonar.

Det ser ut til at Moskva reknar med at berre dei oppnår stønad frå Washington, kan dei sjå bort frå alt anna. Men miraklar hender ikkje, og ikkje eingong sympati frå George Bush kan avverje ei økonomisk krise. Då oljeprisane byrja falle, kutta OPEC-landa i sin produksjon i eit forsøk på å bremse nedgangen. Russland heldt heilt upåverka fram med å marknadsføre sine forsyningar. Venezuela sin president Hugo Chavez flaug til Moskva og prøvde forklare for dei russiske kollegane sine at det var gale å profitere på andre sin kostnad, og at dersom Russland hadde ønskje om å selja olje for meir enn 18 dollar fatet i framtida, burde dei følgje OPEC-landa i å skjera ned på produksjonen. Chaves vart synt rundt i Kreml, fekk ein seremoniell middag, og vart send heim tomhendt. Moskva sin fyrste lovnad om å kutte produksjonen med 30.000 fat om dagen vart sett på som låtteleg, mengda var så liten i samanhengen at det hadde vore betre om dei russiske ministrane hadde halde kjeft, fyrst som sist.

Dei rasande OPEC-landa gjekk til priskrig mot Russland, og etter tre dagar framsto dei som sigerrike. Kostnadene ved å produsere olje i Saudi-Arabia og Venezuela er berre halvparten så høge som i Russland, og Russland hadde såleis ingen sjanse. Straks oljeprisen fall under 18 dollar fatet, byrja rubelen å vakle, og regjeringa fekk panikk. Dei russiske ministrane ilte i møte med OPEC, og lova verkelege kutt i produksjonen.

Men i eit land der oljeselskapa er blitt fordelte mellom oligarkar, er det lettare sagt enn gjort å gjennomføre slike kutt. Å få oligarkane til å bli samde seg imellom om ei fordeling av reduksjonen er vanskelegare enn å forlike Bush med bin Laden. Regjeringa kan ikkje tvinge dei til å gjera det, sidan oligarkane sjølve er regjeringa. Einaste von som står att er at oljemagnatane sin trong til å berge seg sjølve gjer utslaget. Men mest sannsynleg er det for seint som det er. På lengre sikt vil heller ikkje eit kutt i oljeproduksjonen kunne rette opp stoda.

Fram til no har Putin sine mest alvorlege kriser vore knytte til ubåten Kursk og til det utbrende Ostankino-televisjonstårnet. For alt dei måtte symbolisere så var ikkje dette saker som landet si framtid hang på. Hausten 2001 vart Putin for fyrste gong tvinga til å fatte avgjerande statlege vedtak. Dei vala han gjorde vart eit hardt slag for einkvar som hadde tiltru til den nye presidenten. Samstundes kan ein månad åleine snautt ha vore nok til å inspirere kjærleik til Putin frå menneske som alt hadde mistankar til han. Det sosiale grunnlaget for regimet har minka raskt.

Kreml kan trøyste seg med kjærleikserklæringar frå Vesten. Men røynslene frå to tidlegare presidentar syner at denne kjærleiken sjeldan garanterer sympati frå det russiske folket sjølv. Dei som no sit i Kreml skjønar dette problemet instinktivt, og er difor nervøse, men det er ingen ting dei kan gjera. Ingen kan slå fast nøyaktig korleis krisa vil utvikle seg eller kva form ho vil ta. Det einaste som er sikkert, er at når den politiske bobla brest, vil bråket bli endå kraftigare enn då obligasjonsmarknaden braut saman.

(Oversatt av Jon Egil Brekke - trykt i Klassekampen onsdag 12. desember 2001)