Kom Dykk ut, herr president!
Av Gabriel Ash

(YellowTimes.org - 26.4.02)

Kor mange palestinarar vart drepne i Jenin? Nokre dusin? Nokre hundre? Kor mange hundre? Skulle talet vise seg å bli akkurat 641, eller 139, blir det så ein "PR-siger" for palestinarane eller israelarane?

Medan journalistane stiller seg i kø for å utrope "vinnaren", lagar CNN ei nettrøysting om kva for ei side som er mest truverdig. Snart får vi vel sjå døde i drakamp med levande i det programmet som CNN har mage til å kalle "Crossfire" (krysseld).

Ein liten hjernetrim: Kvar av oss skal fastsetje nøyaktig kor mange drap som skal til for at vekta tippar frå israelsk til palestinsk side, kva tid eit angrep blir ei nedslakting, kva tid nedslaktinga blir ein massakre, kva tid massakren blir eit folkemord.

Alt dette er svært viktig i PR-kampen.

I elleve dagar hindra israelske soldatar journalistar, helsepersonell, bergingsmannskap og hjelpesendingar i å komme inn i Jenin. Slik "vernar" hæren sanninga inne i byen frå alle på utsida som kunne tenkjast å "misbruke" ho mot Israel.

Til sjuande og sist er sanninga eit frykteleg våpen. Det er for gale å la ei side ha meir sanning enn den andre. Det må vere balanse. Men berre når det gjeld sanninga. Det treng for eksempel ikkje vere balanse i eldkraft. Det er OK at Israel har atomvåpen og Apache-helikopter, finansierte av amerikanske skattebetalarar som ikkje har råd til å betale for skikkeleg helsestell, medan palestinarane slåst med rifler og heimelaga bomber.

Det treng ikkje vere nokon balanse i jordfordelinga heller. Det er OK at israelarane kontrollerer all jorda og palestinarane ingen ting.

Heller ikkje er det krav om balanse i fridom eller menneskerettar, som israelarar nyter og palestinarar manglar. Men det må vere balanse i å fortelje kva som hende i Jenin.

Derfor er det så viktig å vere nøyaktig om Jenin. Var det heilt eksakt ein "massakre", som Perez kalla det og så nekta for, eller ei "øydelegging", eller berre eit "angrep" med "minimal maktbruk" for å nå "naudsynte mål", slik som å syne palestinarane kven som er sjefen og kva du får for å uroe han? Bruker du for sterke ord, uttrykk som høver til stanken av rotnande lik, vil Israel refse deg, stemple deg som antisemitt, kanskje utvise deg. No er du åtvara.

Men kva kan ein gjere? Jamvel den varsame og pro-israelske The Economist fann klåre bevis for krigsbrotsverk. FN-utsendingen Terje Rød-Larsen kalla øydeleggingane i Jenin "så forferdelege at det ikkje er til å tru", og sa det var "moralsk avskyeleg" at Israel blokkerte humanitær katastrofehjelp til i Jenin i 11 dagar. Israel stengjer framleis ute bergingsmannskap når dette blir skrive, medan Perez lurer på om han skal sende Rød-Larsen heim med melding til foreldra eller berre ta frå han lommepengane. Det var dei udiplomatiske orda frå den norske diplomaten, ikkje den udiplomatiske røyndommen bak orda, som verkeleg såra dei høgt utvikla moralkjenslene i Israel.

Den israelske regjeringa godtok først at FN sine faktasøkande utsendingar kunne komme til Jenin, men no sperrar dei vegen. Problemet, seier Israel, er at for mange av medlemmene har "humanitær" bakgrunn; dei forstår kanskje ikkje kva som trengst i krigstid. Det er lett å tenkje seg kva slags folk og CV-ar Israel heller vil ha inn. Kanskje nokre latinamerikanske dødsskvadron-leiarar. Eller løytnant William Calley; røynsla hans ved My Lai kan vere uvurderleg i å fastslå kva som er og ikkje er ein massakre. Eller kanskje den franske generalen Paul Aussaresses, sjef for dei franske fallskjermsoldatane som angreip gamlebyen i Alger i 1957. Til å toppe laget kunne krigsbrotsverk-kjennaren Madeleine Albright, eller jamvel Henry Kissinger, stå for både moralsk leiarskap og hardt tiltrengd språkleg elastisitet.

Så lenge det berre finst balanse.

For det israelske ålmenta og politikarane er den utbreidde og svært ubalanserte fordømminga berre endå ei stadfesting av at "heile verda er mot oss". Det gjev ekko i folket når Moshe Katsav, president i Israel, sutrar: "Med all respekt og vørdnad for samvitsfulle menneske og for blauthjarta liberalarar i heile verda forstår eg ikkje kvifor dei heldt kjeft i halvtanna år medan israelske borgarar alle stader vart offer for dei mest gruelege terrorhandlingar utan sidestykke."

President Katsav, er alle innbyggjarane i Jenin terroristar? Er dei fleste av dei det? Er Guds eigen norm, å spare ein by dersom det finst ti rettferdige der, for mild for Dykk? Kva for ein del av setninga "kollektiv straff er krigsbrotsverk" er det De ikkje skjønar?

Eg undrast når De blir så forbløffa over valdsutbrotet i dei siste atten månadene, president Katsav. Forstår De idéen om fridom? Har De nokon gong lese den universelle menneskerettsfråsegna? Forstår De at "universell" tyder "gjeld likt for alle"?

Går De i surr i alle eigedomspronomena? Utvilsamt kjenner De Dykk heime i "mitt" og "vårt". Men forstår De også meininga med "ditt", "hans", "hennar" og "deira"? Når eg ser på kartet over jord som er rana til dei ulovlege busettingane Dykkar, kjem eg i sterk tvil.

Synest De det er merkeleg at "folk med samvit" ikkje fordømmer terrorisme? Berre det å komme med eit slikt klagemål, viser at De må leve i ei anna verd. Men eg skal likevel gje Dykk to svar på sutringa.

Det lange svaret, president Katsav, "med all respekt og vørdnad", er at sjølvmordsbombarane ikkje kom til Israel frå verdsrommet. Sprengstoffbelta kunne gjerne ha merkelappen "Laga i Stor-Israel". Sjølvmordsbombene er blomar muterte av israelsk forråande okkupasjon, sådde av 54 år med avhumanisering av palestinarane. Det er spøkelsa frå Dykkar eigen råskap som no heimsøkjer Dykk, påminningar om krigen Dykkar mot minnet.

Den massive og overlagde øydelegginga av det palestinske folkeregistret på Vestbreidda dei siste vekene er berre det siste kapitlet i ein krig mot det palestinske minnet, ein krig som starta i 1948 med å utslette 400 palestinske landsbyar. Men De lærer visst ingen ting av historia, ikkje ein gong av Dykkar eiga: spøkelse kjem alltid tilbake, og kvar gong med meir styrke.

For dei som er budde til å døy, er det tomme hatet mot Dykk alt dei har att etter at De har rive ned fortida og framtida deira med bulldosar. Anten De likar det eller ikkje, er dei Dykkar uekte avkom. Alt dei veit om hat, har De lært dei. Alt dei har gløymt om menneskeverd, har De fått dei til å gløyme. Gje dei ein klem no, sidan dei har synt seg verdige til opphavet sitt - Dykk.

Det korte svaret, president Katsav, er verkeleg kort: Forsvinn! Kom Dykk ut!

Kall hæren heim att. Avblås okkupasjonen. Og kom Dykk ut av dei okkuperte områda. Berre kom Dykk ut!

Ikkje mumle om kor "vanskeleg" eller "komplisert" situasjonen er. Han er ikkje det. De er undertrykkjaren. De er okkupanten. De parkerer stridsvognene Dykkar på stolen jord. De fyller symjebassenga Dykkar med stole vatn. De drep og øydelegg for å få ein arv. Så slutt med skitprat om "situasjonen". Berre kom Dykk ut!

Slutt med å mishandle folk. Slutt med å mishandle språket. Slutt med å spinne Dykkar eigen moralske kokong. Slutt med å gjere landet og folket Dykkar til eit bilete på vondskapen. Berre kom Dykk ut!

Ikkje vent på Bush. Ikkje vent på Arafat. Ikkje vent for å forhandle med ein ikkje-eksisterande palestinsk leiar som til slutt vil godta Dykk som overherre. Det er ingen ting å forhandle om. Berre kom Dykk ut!

Ta med Dykk dei rabiate jødiske fundamentalistane frå Kiriat Arba og Beit El. Set dei på bussar og gje full gass til åsane på Vestbreidda kverv i bakspegelen. Berre kom Dykk ut!

Samle i hop kjeltringane Dykkar frå det grenselause "grensepolitiet", gje dei stipend og set dei på skulebenken att. La dei oppdage at livet er meir enn å lage hakkemat av folk. Berre kom Dykk ut!

Ta med Dykk kontrollpunkta, med alle sine smålege audmjukingar og drepande snikskyttarar, og kom Dykk ut!

La Shin Bet pakke saman. Etter 35 år har verda fått nok av dei smarte fangevaktarane og torturistane Dykkar. Ta dei med Dykk og kom Dykk ut!

Slepp laus dei skrekkelege bulldosarane Dykkar på dei ulovlege busettingane i Ma'alé Adummim, Har Homa og Gilo. Dei har nok å øydeleggje der. La dei halde på til ingen ting på himmelranda lenger minner om valdtekta Dykkar. Kom Dykk så ut!

Ikkje be om orsaking. Ikkje rettferdiggjer noko. Ikkje forklar. Ærleg tala, det finst ikkje noko meir å forklare. Berre kom Dykk ut!

Tenk ikkje ein gong på dei tusentals oliventrea, fredssymbola som De har rykt opp med rot. Nokon kjem til å plante dei att.

Berre kom Dykk ut!

(Til norsk ved Lars Staurset)